Velkomen til Are Andreas Berg si
H E I M E S I D E
Litt om meg sjølv
Eg blei født i 1966. Oppveksten foregikk for det meste på
Vartdal, ei bygd i Ørsta Kommune på Sunnmøre.
I 1993 blei eg ferdig med diplomøkonomstudiet ved
BI i
Ålesund.
Eg arbeidde deretter i byen; Først fleire år i møbel-
og byggevarebransjen, deretter korte arbeidsoppdrag i
bilbransjen og avisbransjen.
I august 2001 gikk eg tilbake til
skulebenken og er no utdanna Siviløkonom frå
Norges Handelshøyskole i
Bergen.
Fra årsskiftet 2004/2005 kom eg tilbake til
Ørsta og arbeid for Helkama Grepa AS. Produksjonen i bedrifta
ble nedlagt den 30. juni 2008. Eg var blandt dei som fekk
vere med på avviklinga av drifta og oppryddinga i
fabrikkbygninga. Eg hadde så eit vikariat for SafeRoad, så arbeidde eg
for Mørenot Dyrkorn i Ålesund. Den for meg lange avstanden
mellom Ålesund og Ørsta
gjorde at eg leigde ein hybel i Ålesund denne tida. No arbeider eg for Ørsta kommune.
Mykje av mi tid blir brukt til arbeid framfor ein dataskjerm. Privat har eg en berbar
PC. Den blir brukt til Internett og enkel programmering.
Mine heimesider
Heimeside har eg hatt siden 18.8.1996. Denne adressa (www.AreBerg.no) blei
klar i november 2001. Sidan starten har sidene hatt fire forskjellege
adresser. Tre av adressene utan at eg bytta abonement; først
Schibsted Nett (SN), så Scandinavia Online (SOL),
deretter Telenor Online (Online) og no (til slutt) altså på mitt eige domene.
Ein av grunnane til at eg kjøpte domene, var at no kan eg ha heimesider
på den same adressa fremover. Det gjer det også mogeleg å byte
lagringsplass utan at adressa blir endra. E-postadressa min har
skifta like mange gonger som heimesida. Gjeldende e-postadresse
står nederst på denne sida.
Når ein vil opprette eit .no-domene, må ein først søke om å få bruke eit bestemt namn.
Selskapet Norid har som oppgåave å
halde oversikt over alle .no-domener, men
dei godtek ikke at kven som helst søker om retten til å bruke eit namn.
Som kjøpar må ein derfor velje ein
registrar
som bindeledd mellom eigar og Norid for søkeprosessen. All kommunikasjon
med Norid må gå igjennom ein registrar så lenge ein vil behalde namnet, men
det er mulig å byte registrar når ein vil.
Heimesidene mine ligg nå fysisk lagra på ein server hos den
hosten
eg brukar. Før november 2004 hadde eg berre statiske HTM-dokumenter på
sida. Fra slutten av 2004 har eg også hatt Internett-programmer
på den same serveren. Programma er no
skrevne i programmeringsspråket php og data er lagra i databaseprogrammet
MySQL.
Eg har valt å ikkje
nytte rammer på denne sida, eller på undersidene, siden eg
meiner dei blir lettare å lese då. Spesielt for dei som har små skjermar eller
brukar telefonar til surfinga.
Nokre av mine interesser:
- Datamaskiner, Internett og dataprogramm.
- Trening; Mens eg tidlegere bodde i Ørsta, trente eg ved eit treningssenter
om vinteren og gikk turar i fjell og dal på sommerhalvåret. Innetreninga blei
helst spinning og lett styrketrening ved treningssenteret
ToppTrening. Mens eg bodde
i Bergen trente eg ved
Studentidretten i Bergen mest spinning. Førre gong eg bodde i Ålesund, trente eg ved
Spjelkavik Treningssenter; Spinning og styrketrening i sal (Body Pump) og
Pulssenteret.
Dei er no begge oppkjøpte av Sprek365.
Når eg no bor i Ørsta igjen, trenar eg på stovegolvet og med å gå turar i
naturen.
- Friluftsliv; Likar å gå fjellturar og dreiv paragliding 1990
til 1999.
- Pistolskyting; Eg gjennomførte begynnar-/sikkerheitskurs i februar 2009
og går ofte på trening i lokala til Ørsta/Volda
Pistolklubb. Eg har kjøpt finkalibra pistol (kulediameter 0,22 tommer eller
5,6 mm) til øving og konkurransar på innebaner og noko litt grovare skyts til
bruk på skytebaner ute. Mange av medlemmane i klubben deltek vinterhalvåret i den interne
vintercupen. Resultatlista er utforma
slik at medlemmane kan sjå sine beste resultat år for år eller alle resultata i ein
sesong etter skytedato.
- Sjølvutvikling; Har lært om samanhengen mellom kroppsform og korleis
ein lever livet
(de fem egomønstrene) hos
Hjerterommet. Har hatt stor nytte av å lese ei bok med tolkning av innhaldet
i eventyret om Jernhans i
utviklinga min så langt. Har også lese ei bok om tankens kraft av
Louise L. Hay. Etter råd fra ein kvinneleg healer
har eg lese ei bok av Deborah Tannen om
forskjellar på menn og kvinner sine
typiske måte å snakke på. Har også lese boka
Menn er fra Mars Kvinner er fra
Venus av John Gray.
- Teikneserier; Eg har gjennom fleire år vore en "lidenskapeleg" samlar av tegneseriebladet
Fantomet. Under studiet i Bergen, tok eg til på eit dataprogram for tegneserieblad.
Sidan det har programmet vore oppdatert og er framleis tilgjengelig på desse sidene. Ved hjelp
av programmet kan alle som vil,
halde oversikt over sine bladsamlingar på Internett.
Vidare har eg laga ei liste med opplysningar om nokre
Fantomet-årganger.
- Børsspekulasjon; Eg er den lykkelege eigaren av nokre andelar i
aksjefond, og besøker Oslo
Børs med jamne mellomrom for å sjekke statusen.
- Meditasjon; Har lært meditasjonsforma The
Ishaya's Ascension ved å delta på eit kurs i Bergen våren 2004.
Mens eg bodde i Bergen, hadde vi regelmessige møter der vi
mediterte med denne teknikken.
- SuDoku; Sommaren 2005 ble eg hekta på SuDoku - tidsfordrivet der
ein skal fylle ut tala 1 til 9 nedover, bortover og i 3x3 boksar.
Eg løyser brett ved å skrive eit tall først når eg er
sikker på at talet er riktig plassert.
Når eg løyser eit enkelt brett, fyl eg tala direkte inn
i oppgåva. Vanskelegare brett prøver eg å løyse ved først
å finne alle tal som kan være i kvar enkelt rute. Etter kvart som eg
fyl ut brettet, stryk eg over lovlige tala. Eg har lagt ut eit dataprogram
som viser oppgåver med dei
mogelege tala. Programmet er opplagt slik at oppgavene og dei mogelege tala også kan
skrivast ut og løysast på papir.
- Båtturar, fiske; For tida er eg utan båt, da vi selde
snekka
til ein heldig volding den 30.04.2000. Den første veka av sommarferien
2006 var eg på ei vekes båttur saman med venar. Turen ble gjennomført
i ein Myra 750 med namn SOL.
- Dykking; Tok dykkersertifikat mai 1998, men har ikkje vore særlig aktiv i den sporten.
Mine favoritt-lenkjer for tida
Desse sidene blir oppdaterte med (u)jamne mellomrom. Sist 11.1.2026.
E-post til meg kan sendast til post$areberg.no For å unngå spam, har
eg bytta ut @-en i adressa med $.